Referat frå årsmøtet i Troms og Finnmark Mållag laurdag 12.juni 1999

Desse møtte:

Dagsorden, sakliste og innkalling vart godkjent

Trond Trosterud vart valt til møteleiar og referent

 

1. Årsmelding

Det kom eitt tillegg til årsmeldinga:

Marta Østerås Falch besøkte nynorskklassen i Skånland hausten 1988.

 

Årsmelding for Troms og Finnmark Mållag 1998/99:

Året 1998/99 har ikkje vore noko aktivt år for TFM. Aktiviteten har vore større i lokallaga, særleg i Målselv, men og i fleire andre lag. Denne årsmeldinga omhandlar styret sine aktivitetar, aktivitetar i dei ulike lokallaga går fram av deira årsmeldingar.

I styret har vore Trond Trosterud (leiar), Steinar Aas, Sigrun Høgetveit Berg, Tormod Lunde (kasserar) og Ingrid Russøy (vara). Styret har hatt eitt styremøte, og elles diskutert via elektronisk post.

Hausten 98 arrangerte TFM møte for målungdommar i byen, i lag med reiseskrivarar frå NMU. Marta Østerås Falch besøkte nynorskklassen i Skånland hausten 1988. Styret planla og ei lagsreise til sørfylket, men makta ikkje å gjennomføre denne reisa.

Hausten 98 freista styret å få i gang skolemålsarbeid i Tromsø.

Styret har vore representert på Tromsø Mållag sine medlemsmøte, og på møte i landsstyret i Noregs Mållag.

Årsmeldinga vart samrøystes vedteke

 

2. Rekneskap

Det vart ikkje lagt fram rekneskap til årsmøtet.

Vedtak:

Det nye styret må legge fram rekneskap for eit omframt årsmøte til hausten. Kopi av rekneskap for 1988 blir etter årsmøtet sendt til lokallaga og Noregs Mållag.

3. Arbeidsprogram

Følgjande program vart vedteke:

Målsettingar for arbeidet 1999/2000:

5. Val av nytt styre

Følgjande personar vart samrøystes vedteke:

Bjørnar Østgård (leiar), Tormod Lunde (kasserar), Sigrun Høgetveit Berg, Trond Trosterud og Steinar Aas, Ingrid Russøy (vara).

6. Val av utsendingar til landsmøtet i Noregs Mållag

Følgjande personar vart samrøystes vedteke, ein utsending og 4 vararepresentantar, i den rekkefølgja dei er sett opp i her:

Bjørnar Østgård (utsending)

Vararepresentantar:

1. Trond Trosterud
2. Steinar Aas
3. Sigrun Høgetveit Berg
4. Tormod Lunde

 

Trond Trosterud, referent.

Attende til Troms og Finnmark Mållag si heimeside | Adresseliste