Referat frå årsmøtet i Troms og Finnmark Mållag laurdag 6.juli 1998

Desse møtte:

Dagsorden, sakliste og innkalling vart godkjent

Steinar Aas vart valt til møteleiar og referent

 

1. Årsmelding

-_Styret i Troms og Finnmark Mållag har i 1997 vore slik:

Steinar Aas, leiar; Robert Hagen, øk.ansvarleg

Styret har i arbeidsåret hatt dårleg aktivitet. Det har vore 2 møte i arbeidsåret. Tema på møta har vore arbeidet med ein organisasjonsplan for Troms og Finnmark. Diverre gjekk Robert Hagen ut av styret like etter jul 1998, på grunn av arbeidspresset ved studia. Det har vore vanskeleg å drive noko styreverksemd på grunn av at årsmøta dei siste åra ikkje har vore i stand til å finne kandidatar til verva. Tormod Lunde har i røynda aldri avslutta som økonomiansvarleg, og har også i år ført rekneskapen. Leiaren har vore med på begge landsrådsmøta som har vore i perioden, og i tillegg vore med på landsmøtet i Trondheim i slutten av juli 1997. Leiaren stilte også som motkandidat mot valnemnda sitt framlegg til det eine styremedlemet frå Hordaland Mållag, og delegasjonen frå Nord-Noreg samarbeidde godt for å få Liv Ingebrigtsen valt som leiar. Framfor landsmøtet hadde også leiaren fleire samrådingar med Tromsø Mållag for å fremje eit eige framlegg til prinsipp-program for Noregs Mållag. Framlegget vart i røynda ikkje realitetsbehandla på landsmøtet, men punktet vårt om støtte til språklege minoritetar (samar og kvenar) sin språkkamp vart innbakt i det endelege utkastet til prinsipp-program for NM.

2. Rekneskap

Revisor hadde funne rekneskapen i orden og årsmøtet hadde ingen merknader.

3. Budsjett

Budsjettet vart vedtatt vurdert av det nye styret etter debatten om arbeidsprogrammet

4. Arbeidsprogram

Årsmøtet gjorde følgjande vedtak (samrøystes): Det nye styret utarbeider eit arbeidsprogram og ein organsisasjonsplan for styrking av lagsaktiviteten i Troms og Finnmark.

5. Val av nytt styre

Trond Tronsterud (leiar) Tormod Lunde (øk.ansvarleg) Aud Kirsti Pedersen (styremedlem) Steinar Aas (1.vara) Sigrun Høgetveit berg (2.vara) Ingrid Russøy (3.vara) Aud Kirsti Pedersen, Sigrun Høgetveit Berg og Tormod Lunde vart valt under føresetnad av at dei takka ja til tilbodet.

Vala var samrøystes

6. Val av utsendingar til landsmøtet i Noregs Mållag

Vi har rett til å sende 2 utsendingar. Landsmøtet er i Fredrikstad i slutten av juli. Denne rangeringa av utsendingar vart gjort.

Steinar Aas,

referent.

Attende til Troms og Finnmark Mållag si heimeside | Adresseliste