Referat frå årsmøte i Troms og Finnmark mållag,

laurdag 28. april 2001, 11-14:15

 

Til stades: Bjørnar Østgård (leiar), Trond Trosterud (nestleiar), Aud Hauan (styremedlem), Sigrun Høgetveit Berg (skrivar), Aud-Kirsti Pedersen (valnemnd), Herolv Olsen, Ola Melby, Olaug Husabø, Mari Aasen, Vigdis Tverberg (Tromsø), Ingrid Russøy (Balsfjord), Hildur Heim Nergård, Marit Wicklund Seim (Harstad). Ingen frå Varanger eller Målselv møtte.

 

Sak 1 - Merknader til innkalling og sakliste

Mari Aasen hadde seint fått veta stad og ikkje fått sakliste, og Bjørnar Østgård sa seg lei for det.

 

Sak 2 - Val av ordstyrar og møteskrivar

Bjørnar Østgård vart vald til ordstyrar og Sigrun Høgetveit Berg til skrivar.

 

Sak 3 - Årsmelding

Bjørnar las årsmeldinga som var sendt ut på førehand.

Møteverksemd

Hildur spurde etter brevet til Forbrukarsamvirket, og Bjørnar kunne fortelja at me ikkje hadde fått svar. Frå Magasinet, Dagbladet sitt laurdagsbilag, dit Bjørnar sende eit liknande brev, har me fått svar - både i avisa og til han personleg. Men eit negativt svar.

Arbeidsplanen:

Hildur gav honnør for studiesirkelen, som såg bra ut. I Harstad ville dei gjerne koma attende til dette når dei var ferdige med Garborg. Ingrid sa at i Balsfjord ville dei ogso ha studieringen til vinteren.

Hildur lurde vidare på korleis det gjekk med SmiT - og Sigrun orienterte litt om laget som går på sparebluss.

Trond lurde på om skuleopplegget som Rutt Trøite Lorentzen har laga for oss kjem ut tidsnok til skulane, slik at dei kan bruke det til hausten. Bjørnar sa at kursleiaren i Tromsø hadde lova ta konktakt med Lorentzen, for at det skulle koma ut no. Balsfjord er ogso interessert, og Bjørnar bad Balsfjord mållag ta kontakt med skulekontoret i kommunen, og be dei ta kontakt med Tromsø skulekontor. Bjørnar opplyste om at Lorentzen kunne gjerne gjera fleire opplegg når ho fyrst var her oppe, viss det er ynskjeleg. I Harstad har dei ogso laga eit kurs for skulane, men det har so langt vore liten interesse for det. Kanskje Lorentzen sitt kurs kunne vera noko for Harstad-skulane ogso?

Styrking av organisasjonen

I Harstad har no 28 betalt! Balsfjord hadde dotte ut av årsmeldinga - der var det 12 av 13 som hadde betalt.

Aud-Kirsti reagerte på at Lenvik står som eit lag. Bjørnar svara at det er NM sentralt som opererer med dette. Det vart ein liten debatt om medlemskapsordninga, og Trond refererte frå landsrådsmøtet der den nye medlemskapsordninga vart drøfta. Framlegget er at beinveges medlemer skal vera direkte knytte til fylkesmållag.

Aud-Kirsti meinte at mangelen på nynorskklassar ikkje har særleg å seia for kor vidt yngre folk brukar/likar nynorsk. Me har sjeldan rekruttert særleg derifrå. Trond meinte det var viktig å hanke inn tidlegare NMUarar - snakke med NMU om folk som har vore aktive og flytta nordover osb. Mari meinte at ein ikkje nødvendigvis vart målfolk før ein fylte 20. Det vart ein liten debatt om dette.

Margit peika på den dårlege språkbruken i lokalmedia. Bjørnar orienterte om møtet i Tromsø mållag om denne saka - om kva TVTromsø og kva NRK svara. Hildur spurde om ikkje språkbruken i etermedia kunne vera eit kursemne? Bjørnar refererte eit kurs som hadde vore i NRK Troms - som Helge Stangnes hadde.

 

Årsmøtet tok årsmeldinga til vitande, med desse merknadene.

 

Sak 4 - Rekneskap

Bjørnar orienterte om rekneskapet og det vart godkjent utan merknader.

 

Sak 5 - Arbeidsplan og budsjett

Bjørnar orienterte om arbeidsplanen - som er nøktern. Til punkt 8 om stadnamn fortalde han at no har Tromsø kommune laga ein plan for stadnamnbruk og Tromsø mållag er vorte høyringsinstans i stadnamnsaker, mykje takka vera Damelaget for stadnamn i Tromsø, ved Liv Ingebrigtsen og Aud-Kirsti Pedersen.

Hildur meinte det var ein fornuftig arbeidsplan, utan for høge ambisjonar. Men er punkt 2 eit pålegg med arbeid for nynorske parallellklassar? Det vart ein liten debatt om dette, og resultatet vart eit tilleggsframlegg til punkt 2: ”…eller andre målsaker lokallaga er interesserte i.”

Mari tok opp forfattaren Lars Berg, som er 100 år i år. Burde ikkje det markerast? Aud-Kirsti fortalde at ho skulle halde foredrag om målmannen Lars Berg under ”Ordkalotten” i september. Kanskje kunne dette brukast til noko meir? Bjørnar fortalde at Tromsø mållag planla ein studiering om Lars Berg til hausten, kanskje eit samarbeid? Mari lurde på om me kunne vera medarrangør på Ordkalotten? Aud-Kirsti meinte det var vanskeleg. Trond meinte det fylkesmållaget burde gjera var å tilby vår ressurs om Lars Berg, Aud-Kirsti, til laga. Han gjorde fylgjande framlegg: "Punkt 9: Inspirere lokallaga til å markere Lars Berg-jubileet i 2001.

Etter framlegg frå Trond drøfta årsmøtet eit punkt om styrevitjingar til lokallaga. Hildur meinte det var best om laga bad om vitjing, ikkje at arbeidsplanen vedtok at styremedlemene skulle reise på vitjing. Bjørnar ville heller ikkje ha meir dårleg samvet for ting som ikkje vart gjort, og Trond trekte soleis framlegget sitt.

Aud-Kirsti gjorde framlegg om å sende brev til lokallaga og tilby kurs om stadnamnarbeid – som ho kunne halde.

Mari meinte punkt 6 om skrivetevling var litt vagt, men Bjørnar meinte det er Tromsø mållag som må ha hovudansvaret, medan fylkesmållaget kan stø opp.

Til punkt 7 påpeikte Herolv det syrgjelege faktumet at avisene ikkje skriv nynorsk redaksjonelt. Difor er det viktig at me skriv innlegg på nynorsk! Aud-Kirsti synte til interessante artiklar i siste Språknytt, og meinte me burde laga ei fråsegn om språkundertrykkinga i avisredaksjonane. Årsmøtet gav skrivaren og styret fullmakt til å utforme denne fråsegna i etterkant av møtet.

 

Bjørnar orienterte om budsjettet. Ingrid uttrykte motstand mot regionale målkontor, men var for reiseskrivarordninga. Særleg av di at det blir so dyre medlemspengar. Ho var ogso mot den styrkinga av bergensområdet som eit regionalt målkontor der ville føre til. Ingrid  meinte årsmøtet skulle vedta summen, maks 3000 kroner, som fylkesmållaget skal bruke på den sentrale reiseskrivarordninga Trond orienterte meir om saka. Det vart ein del spørsmål og svar om både reiseskriving og medlemspengeauke - som blir på omlag 100 kroner. Hildur var samd med Ingrid og trudde ikkje so mykje på reiseskrivarordninga. Ho var ogso redd for medlemspengeauken. Aud-Kirsti meinte det var avgjerande kva denne reiseskrivaren skulle gjera, og tok det som sjølvsagt at han eller ho kom oss til gode. Trond meinte reiseskrivaren si oppgåve var å reise og prate med både gamle (lag på kvelden) og nye (td skular på dagen). Målet er å laga nye koplingar som ikkje ein er i stand til lokalt. Sigrun gjorde framlegg om å kutte støtte til landsmøteutsending til Time med 2000 kroner (til 3000) og auke reiseskrivarstøtta til 5000, slik styret gjorde vedtak om på styremøte tidlegare i vår. Olaug støtta Sigrun, men var ogso uroa for medlemspengeauken og lurde på om me kunne sende ei åtvaring mot dette. Bjørnar svara at denne auken er ein føresetnad for at reiseskrivarordninga kan bli gjennomført, og refererte det kompromisset som landsmøtet i NM kom fram til i fjor.

Olaug lurde på om det var lagt inn pengar i budsjettet til ei eventuell støtte til Tromsø mållag si skrivetevling? Trond svara at det ligg i dei 5000 kronene i styrkinga av lagsarbeid. Bjørnar - 5000 til lagsarbeid er ein sum laga kan søkje frå og fylkeslaget kan reise til lokallaga for.

Årsmøtet røysta over endringsframlegga, og vedtaket vart slik:

3000,- kroner til landsmøtet (9 for, 3 for 5000,-)

3000,- kroner til reiseskrivarordninga (6 for (med Bjørnars dobbeltstemme) og 6 for 5000,-)

Samla vedtok soleis årsmøtet eit budsjett med 8000,- kroner i underskot.

 

Sak 6 - Val

Aud-Kirsti bad om ein runde på kor me står, kva me er og kor går me - før me drøfta arbeidsplan og budsjett. (Denne debatten kom altso før punkt 5.) Valnemnda hadde ikkje funn leiar, og Aud-Kirsti peika på at det var djupt alvorleg at ingen ville ta på seg verv!

Bjørnar og Trond refererte landsrådsmøtet i NM og framlegg til nytt arbeidsprogram for NM. Bjørnar trudde det var nødvendig med fylkeslekken for å kunne hjelpe og drive lag - jf Nordland. I ein valsituasjon meinte Trond me kanskje heller skulle bruke kreftene våre som målfolk i lokallaga? Kor mykje misser lokallaga av støtte viss det ikkje er eit aktivt fylkesmållag? Ingrid sa det var heilt vesentleg å ha fylkesmållaget, særleg til støtte i bylgjedalane til lokallaga. Men korleis ein skal finne folk til verv er vanskeleg å veta. Aud-Kirsti trudde og fylkesmållaget hadde ein viktig funksjon, som nettverk for lokallaga i regionen. Viktige oppgåver er nettopp styrking av organisasjonsarbeidet og generelle kurs og seminar som kan tilbjodast alle laga. Men kva når det ikkje er folk? Herolv lurde på kor me skal kutte når me ikkje har folk til å utføre oppgåvene? Hildur peikte på at me burde setja ned forventningane litt. Sigrun trudde det gjekk fint å redusere styret til fire, men me treng ein leiar. Herolv takka Aud-Kirsti for den kjempejobben ho hadde gjort som valnemndsleiar. Bjørnar fortalde at Tormod hadde sagt han godt kunne halde fram med å føre det bittevesle rekneskapet. Sjølv meinte han at han hadde for mange roller. Men om han skulle halde fram ville han ha årsmøtet si godkjenning på at han ikkje skulle ha dårleg samvet! Det fekk han, og enden på visa vart:

Bjørnar Østgård, leiar, attval for eitt år

Sigrun Høgetveit Berg, skrivar, attval for to år

Trond Trosterud, ikkje på val

Aud Hauan, ikkje på val

Tormod Lunde, kassastyrar - fær delta på styremøte so langt han kan.

Varafolk:

1. Ingrid Russøy

2. Hildur Heim Nergård

3. Eldar Heide

Revisor: Erling Løkse

Valnemnd: Aud-Kirsti Pedersen, Herolv Olsen, Ola Melby

Landsmøteutsending til Time:

Sigrun Høgetveit Berg (viss ho kan)

 

Sak 7 - Garborg-året

Bjørnar refererte brevet som er sendt til nordisk institutt og institutt for allmenn litteratur på Universitetet, der me ber dei skipe til noko i samband med Garborg-året. BUL i Tromsø skal ha ei tilskiping til hausten. Hildur opplyste om at Harstad skal ha Garborg-tilskiping saman med BUL, og Ingrid kunne melde om kulturkveld til hausten i Balsfjord.

 

Tromsø, 28. april 2001

Beste helsing,

 

 

 

Sigrun Høgetveit Berg

skrivar