Tone: Barndomshjemmet
Der Malangenfjorden inn i landet bøyer,
der i ly av Senja havet stilnar av,
Gisund seg mot sør langs lyse strender tøyer.
Her i nord ein heim for oss Vårherre gav.
Her ligg Lenvik, bygda vår, med hus og grender
mellom bjørkekledde åsar, skog og fjell.
Om vi reiser bort, tilbake tanken vender.
Barndomsheimen vil vi alltid minnest vel.
Omkved:
Lenvik,
bygda vår, til deg går våre tonar.
Vel
er verda stor, men i deg vil vi bu.
Må
du framgang få vi vårt hjarte vonar,
ingen
annan stad er kjær for oss som du.
Ser du midnattsola ut i havet strålar
med sitt milde skjær i tida kring sankthans.
Ho med fagre lˆ©ter lette skyer målar,
All naturen kviler i ein gyllen glans.
Rike er vi ei på gull og pengeskattar,
men naturen gir oss heile hugen full
av ein rikdom som vi nesten ikkje fattar.
Himlen kan bli purpur, perlemor og gull.
Lang og mørk er vinteren i polnattskygge,
mange veker er det inga sol å sjå.
Men i hus og ly vi endå kan ha hygge,
om den kalde vind med fokk og snø tar på.
Og når månen seglar under stjernevrimmel
Og fortryllar skog og mark ein vinterkveld,
og eit nordlys logar opp på høge himmel,
er vår bygd oss kjær og vakker likevel.
Du har løynde minne ifrå farne tider,
då ein Ottar segla på si ferd mot nord.
Ifrå saga grå du voks deg fram omsider
og gir heim for folk og fe på fedrejord.
Denne jord skal vi i tru og arbeid dyrke,
og på sjøen skal vi streve for vårt brød.
Må vi alltid tru i samhold vinne styrke,
og i strev for folk og land gje all vår glød.
Herolv
Olsen
(Skreven før kommuneutvidinga på 60-tallet)