Målsettingar for arbeidet 1999/2000:
- Arbeide for nye parallellklassar i Nord-Noreg, og
undersøke om det er mogleg å få nye klassar
på dei stadene som har parallellklassar i dag. Øage
eit meldingsblad for dei nynorske parallellklassane i Troms.
- Arbeide for retten til både å ha hovudmåls-
og sidemålsopplæring i norsk i språkblanda
strok, utan at dette går utover retten til undervisning i
finsk og samisk.
- Mobilisere lokallaga til å utvikle ein målpolitikk
for Nord-Noreg, også for språkblanda strok.
- Nå ut til skoleelevar med målsak
- Få til organisert målarbeid blant studentar i
Tromsø, Harstad og Alta.
- Styrke organisasjonen: få opp aktiviteten i lokallaga,
både tradisjonell lagsaktivitet og nye arbeidsfelt, verve
nye medlemmer.
Attende til Troms og Finnmark Mållag si
heimeside | Adresseliste